Litt real dugnadsinnsats?
Fjellkyrkja treng litt flikking, nedvask og vedlikehald ute og inne. Kan du tenke deg å vere med og ta eit tak i godt lag og fellesskap med mykje godt humør? Det er soknene i Nord-hordland som eig Fjon og er avhengig av at mange tek eit tak.
Skriv i kommentarfelt på Facebook eller send melding til John Henanger om du kan tenke deg å vere med.
Kopi av Fjon Fjellkyrkje sine vedtekter som gjeld utleige:
§ 1. §1 Skipnaden "Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter" i Masfjorden er ein sjølvstendig skipnad som ikkje har økonomisk ansvar for skyldnaden til andre.
§ 2. §2 All verksemd i fjellkyrkja/ungdomssenteret må vera byggjande for sjel og lekam og i samsvar med Den norske kyrkja si vedkjenning.
Det er ikkje tillate å nyta rusmiddel på staden.